Månad: oktober 2013

Radøy IL 70 år!

Posted on

Radøy Idrettslag – 70 år i 2013.

Det er opp gjennom åra laga fleire skrifter/hefte i samband med runde år eller andre store hendingar (opning av anlegg). Me har elles ein god del arkivmateriale frå drifta (møtebøk, årsmeldingar m.m).

Det kan likevel vera nokon som har interessant stoff om laget, t.d møtereferat, referat frå tilskipingar, utklipp frå aviser —- eller gode historier nokon hugsar ??

BILETE FRÅ LAGET SI HISTORIE
Bilete frå litt eldre tider har me diverre altfor lite av. Alle bilete som har noko med laget/aktivitetar å gjera, er interessante, og me oppmodar folk om å låna dei ut til oss.

All historie er av interesse, og me vonar de vil ta kontakt om de har noko.

Med vennleg helsing

Olav Steinar Namtvedt

Ny heimeside

Posted on Updated on

Dette er Radøy idrettslag si nye heimeside. Den gamle heimesida vår, radoy-idrettslag.no, vart hacka sist vår. Me har bestemt oss for å laga ei ny side, og den finn du altså her. Me vil prøva å vera så oppdatert som mogleg, men det er viktig at medlemene i laget brukar sida, og. Etter kvar som noko skjer, vil me prøva å få det lagt ut, sjekk Nyhende eller Kva skjer? for å sjekka nærare.