Juleoppvisning i Radøyhallen

Posted on Updated on

Christmas_Bells_with_red_ribbon_and_pine_twigs_Vector_Illustration_111125-210314-533009

Hei alle foreldre og gymnastar…..

Då nærmar jula seg, og barn og trenarar begynner å verta klare til juleoppvisning i Radøyhallen. Oppvisninga vert søndag 7/12 kl. 17:00.

• Alle trenarar stiller kl. 16:00.
Hugs at vi startar rigging av utstyr så snart dei som er i hallen før oss er ferdige. Vi skal
ha hallen fra kl. 16:00.

• Alle gymnastar stiller kl. 16:30.
4 til 5 år skal gå i kvit t-skjorte og kvit shorts/tights.
6 til 9 år skal gå i svart t-skjorte og svart shorts/tights.
10 til 12 skal gå i nisseklede. Under nissekleda skal jenter ha svart tights og turndrakt. Gutar skal ha svart shorts og svart t-skjorte.
13 til 18 + skal gå i svart tights/shorts og raud t-skjorte + hansker.
Trenarane tek med turndrakt til dei partia som skal ha dette.
Alle gymnastar med langt hår, må ta dette i strikk. Alle gymnastar turnar barbeint eller med turn/gymsokkar.

• Oppvisninga startar kl. 17:00.
Inngang for voksne vil vera kr 50,-. Barn under 18 år er gratis.
Startrekkefølgja vil vera:
1. 4 til 5 år.
2. 13 til 18+ år.
3. 6 til 9 år.
4. 10 til 12 år.
Vi oppmodar alle foreldre og barn om å bli verande til oppvisninga er slutt. Dette for at alle barna skal få publikum.
Nissen kjem med brus og godtepose til ALLE barna.

Vi oppmodar dei foreldra som har mulighet til å rydda, om å vera med når oppvisninga er over. Alle trenarane vil vera med og rydda, samt fordela oppgåver.

Håpar alle vil vera med å skapa ei fin juleoppvisning. Barna er klare til å visa kva dei kan og har lært denne sesongen.

Helsing alle trenarane på Sletta og Sæbø….:-)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s