Om klubben

Radøy Idrettslag har for tida fylgjande aktivitetar:

  • idrettsskule for born
  • turn for born/ungdom
  • ymse trimaktivitetar (,fotballtrim m m).
  • drift av fotballbanene på Sletta og Austmarka.

 Radøy idrettslag driv sine aktivitetar på Sletta(bana og samfunnshuset), i Austmarka (idrettshallen på nyeskulen) og i Radøyhallen.

 Laget ønskjer å leggja til rette for fleire aktivitetar, og tar gjerne mot gode idear.

 Med vennleg helsing

Olav Steinar Namtvedt – leiar
Tlf: 56 37 21 61/913 80 694
Adresse: Slettevegen 815,

5939 Sletta

e-post: olav-na@online.no

Klubbhistorie:

Radøy Idrettslag har 3. mars 1943 som stiftingsdato, ein har altså drive laget i 70 år. I løpet av desse åra har medlemene i laget lagt ned ein stor innsats for bygdene på Radøy som idrettslaget soknar til. Ein har laga først baner på Solheim og på Sletta, sidan vart bana på Sletta utvida og oppgradert til grasbane, ei av dei første på våre kantar. Sidan har ein bygd det store samfunnshuset «Skogen» på Sletta og ny grusbane i Austmarka, før ein i 1999 utvida den gamle grasbana på Sletta til ei stor og moderne fotballbane med internasjonale mål. Alt dette arbeidet har for det meste vore gjort på dugnad, der det offentlege sjølvsagt har vore inne med støtte, men der dei tyngste taka har vore gjort av medlemene i laget sjølve.
Både Sæbø Idrettslag og Sletta Idrettslag vart stifta i 1943. I 1961 skifta Sletta IL navn til Radøy Idrettslag, men i 1971 kom samanslåinga mellom dei to laga til det som vart kjend som Radøy/Sæbø Idrettslag. Dette navnet vart etter kvart for tungvint, og i 1985 bestemte ein seg for å kalla laget for Radøy Idrettslag.
Vi vil her prøva å presentera litt av lagets historie. Mykje interessant kunne vore skrive om dei første åra, men vi vil ta utgangspunkt i åra etter samanslåinga i 1971. Sidan det er fotballen som først og fremst har vore det laget er kjend for, vil vi også konsentrera oss om den. Friidrett, turn og andre greiner i laget får heller koma til seinare …

1972:
 Det som fekk størst merksemd i fotballgruppa si årsmelding dette året var seriemesterskapet i 5. divisjon og opprykk til 4. divisjon. Blant spelarane som vart kretsmeistrar i 1972 finn ein bl.a. Mosvald Brattaule og Karstein Hellevik, og hjelpetrenar på A-laget i 2001 var kaptein på B-laget.
1973:
 A-laget heldt plassen i 4. divisjon med eit naudrop, og toppscorar vart  Olav Steinar Namtvedt. Heilt problemfritt var det ikkje å få spelt den første seriekampen dette året (29. april) for det låg 10 cm. snø på bana dagen før kampen skulle spelast. Årsmeldinga fortel oss at det var stor slitasje på bana dette året, og banenemnda måtte flytta fleire kampar.
1974: 
Dette året var Karstein Hellevik trenar og dei høge ambisjonane ein hadde vart innfridde med ein fin 4. plass i 4. divisjon.
Elles kan det vera verdt å nemna at dei to 11-åringane Terje Skjelvik og Arvid Borlaug fekk rosande omtale i årsmeldinga for lilleputtlaget. Desse to var i 2001 å finna høvesvis som trenar og keepertrenar for A-laget.
1975: 
A-laget vart denne sesongen nr. 6 i 4. divisjon og i tillegg gjorde dei aldersbestemte laga det godt.
1976: 
Denne sesongen vart tung for A-laget og ein måtte gå den tunge vegen ned i 5. divisjon. Men rekrutteringa var god og juniorlaget spelte i 1 divisjon om hausten medan reservelaget vann si avdeling i 2. divisjon og kvalifiserte seg til 1. divisjon neste år.
1977: 
Stor jubel hjå A-laget som greidde å spela seg oppatt i 4. divisjon og som dessutan vart kretsmeistrar i 5. divisjon
1978: 
A-laget kom på 6. plass i 4. divisjon dette året og var rimeleg nøgd med sesongen. Mosvald Brattaule vart kåra til årets spelar og Kjell Idar Vangberg til årets mest framgangsrike spelar. Den 10 år gamle Johnny Valdersnes vart framheva i årsmeldinga for knøttelaget. Seinare har han spelt over 330 A-kampar for Radøy.
1979: 
Med Karstein Hellevik som trenar og med treningssamling i Rosendal og treningsleir England var A-laget godt rusta denne sesongen. Det vart til slutt 4. plass i 4. divisjon.
1980: 
Denne sesongen deltok Radøy i den nystarta turneringa på kunstgraset på Lysekloster. Plassen i 4. divisjon vart sikra med god margin.
1981:
 I 1981 var Sigmund Hodne trenar for A-laget. Plassen i 4. divisjon vart redda med eit naudrop, berre Åsane og Tertnes var bak oss på tabellen. Og på tabellen for knøttelaget ser vi at den 10 år gamle Geir Atle Osa vart toppscorar med 26 mål.
1982: 
Dette året enda med nedrykk til 5. divisjon. Etter ein svak haustsesong var det ingen veg attende, sjølv etter ein vellukka treningsleir i Karlstad i Sverige. Trenar dette året var Helge Haugland.
1983: 
Fotballaget spelte denne sesongen i 5. divisjon. Førebuingane til sesongen var bra med bl.a. treningsleir i London. Det lukkast likevel ikkje å spela seg oppatt i 4. divisjon dette året. Til overmål var Austrheim framfor Radøy/Sæbø ved sesongavslutning og det var nok ei stor utfordring for eit lag som hadde vore vant til å vera det førande laget i Nordhordland.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s